Kjøp av årskort til o-sesongen
Postet av Førde Idrettslag den 17. Mar 2026

Onsdag 8. april er det Kickoff på O-sesongen 2026. Vi startar også i år Movika, med løpsstart kl 18.00. Terminlista blir sendt ut seinare, og lagt ut på heimesida og FB.
For å korte ned på køen den 8. april, samt på løpa ellers, så er det ynskje om at de som skal ha årskort kjøpe dette på førehand.
Bruk Vipps handlekurv 927068 og velg årskort frå menyen.
Om de kjøpe meir enn eit årskort, eller betalar du for nokon andre, send ein e-post med namna på den/dei som skal ha årskorta til: knuteh@hotmail.com (ein får ikkje skrive noko melding på Vipps handlekurv)
Det er i år 20 nærløp, så det lønnar seg å kjøpe årskort om ein vil være med på mange løp. (8 løp eller fleire for vaksne, og 5 løp eller fleire for born/ungdom)
Årskortet gjeld ikkje på Sunnfjord Orienteringa og nattløpa.
Prisar 2026:
Årskort born/ungdom (til og med 17år): 250,-
Årskort vaksen (18år -): 800,-
Enkeltløp born/ungdom (til og med 17 år): 50,-
Enkeltløp vaksen (18år -): 100,-
Leigebrikke: 50,- (gratis for dei under 18 år)
O-gruppa dekker påmeldingsavgift på krins og nasjonale løp for born og ungdom som er medlem i Førde IL og som har årskort på nærløpa. Juniorar som deltek på NM/NC løp kan søke klubben om reisestipend.
TURORIENTERINGA 2026
Postet av Førde Idrettslag den 17. Feb 2026

Som i fjor har vi no tjuvstarta årets turorientering med heilårstur på Langeland. Vi har plassert 20 postar i tilknytning til løypenettet. No når det er så lite snø og det er frost og hare løyper kan ein fint gå til fots, sjølv om det er meint som ein fin skitur. Den ordinære turorienterings sesongen startar opp ved påsketider. Postane er no tilgjengelege på Tur-O appen og på www.turorientering.no.
Kart med alle postane på er også å få hos Intersport (Erdal) Sport, Elvetorget i Førde
Innkalling til Årsmøte
Postet av Førde Idrettslag den 22. Jan 2026
(bilde er frå ei trening i forkant av HL)
Til medlemmene i Førde IL- Orientering.
Innkalling til årsmøte i Førde IL – Orientering
Styret innkallar hermed til årsmøte i Førde IL - Orientering.
Årsmøtet blir måndag den 23. februar kl. 18.00 på FIL-Huset.
Saker som et medlem ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 16. februar til knuteh@hotmail.com .
Det vil bli vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste med alle saksdokumenta vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmene seinast ein veke før årsmøtet på https://orientering.fordeidrettslag.no/ .
For å ha stemmerett må medlemmar ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmer under 15 år har møte- og forslags rett.
Velkommen til årsmøte!
Med vennleg helsing
Styret Førde IL - Orientering
Hall-O-Ween
Postet av Førde Idrettslag den 26. Okt 2025

Skogen vil være ekstra skummel denne dagen, siden hekser og spøkelser er ute på vandring. Tørr DU å være med? Men om du blir skremt, så har nok spøkelsa med seg litt gotteri, så husk å ha med noko å ha snopen i!
Etter ein er ferdig med løypa, så er det kveldsmat og kakao/kaffe inne på FIL-Huset. Her kan ein få i seg varmen igjen, og matlysta blir alltid bedre saman med andre.
O-løypa er så enkel at ein treng ikkje ha prøvd dette før for å delta. Her der det opplevelsen i Skumleskogen som gjeld.
Håpar vi ser deg!!
(Påmelding kr. 30 for å dekke inn for mat og snop)
Nattorientering 8. oktober
Postet av Førde Idrettslag den 6. Okt 2025

Klart for nytt nattløp onsdag 8. oktober. Oppmøte på p-plassen til høgre frå Førde i nordenden av Langelandsvatnet. Løpet går i Bekkjaholten, med denne utsikta (i alle fall i dagslys). Løyper: A-løype på 2,6 km , A/B løype 1,9 km og C-løype. Løypeleggar fortel at han har prøvd å nytte den lettaste delen av terrenget, og postane er det mange av og dei ligg til tider tett. Start kl 19.30, eller når det er mørkt nok. Velkomen!
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL trening Høgda Langeland
Påmelding helst på Eventor, eller ved frammøte.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest